Now hiring

Open søknad - tilkallingsvikar i Miljøarbeidartenesta @ Gloppen kommune

SandaneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil vi gjerne høyre frå deg.Miljøarbeidartenesta søkjer tilkallingsvikarar til dag-, kveld-, natt- og langvakter. Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.Vi ønskjer søkjarar med helse- og sosialfagleg utdanning, studentar innan relevante fagområde og personar med erfaring frå arbeid med menneske. Har du interesse for fagfeltet og motivasjon til å lære, oppmodar vi deg også til å søkje. Høgskulestudentar innan relevant utdanning får ekstra lønnstillegg, og vi tilbyr ekstra tillegg for nattarbeid og langvakter i helg.I søknaden ønskjer vi at du fortel litt om deg sjølv, erfaringa di, kva brukargruppe eller arbeidsoppgåver du ønskjer å jobbe med, og kva arbeidstid som passar best for deg. Søknader vert vurderte fortløpande. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores