Now hiring

Kreftkoordinator/spesialsjukepleiar @ Ørsta kommune

ØrstaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ynskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere ordinære sjukepleiaroppgåver med funksjonen som kreftkoordinator?Heimetenesta sentrum har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med delt funksjon som kreftkoordinator i Ørsta kommune.Som kreftkoordinator skal du bidra til å koordinere og tilretteleggje kvardagen for personar med kreftsjukdom og deira pårørande. Du vil vere ein viktig ressurs i kommunen sitt arbeid med å samordne tenester og sikre gode pasientforløp. Kreftkoordinatoren skal bidra til utvikling av gode rutinar og system for kreftomsorg, samt vere ein støtte og rettleiar for pasientar, pårørande og tilsette.Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag. Hos oss møter du engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider målretta for å gi individuelle og heilskaplege tenester med høg fagleg kvalitet.I heimetenesta møter du brukarar med ulike og samansette helseutfordringar. Vi har eit sterkt fokus på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar og leggje til rette for at brukarane kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim.For å sikre kontinuitet og stabilitet i funksjonen som kreftkoordinator er den organisert som ei delt stilling. Du vil i tillegg vere ein del av vårt sjukepleiarteam og ta del i dei ordinære sjukepleiaroppgåvene i tenesta. Gjennom årsplanlegging og oppgåvedeling arbeider vi aktivt for å sikre nødvendig fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.Vi legg til rette for fagleg utvikling gjennom kollegarettleiing, e-læring, kurs og fagdager. Vi ser etter deg som har engasjement, godt humør og eit ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du vil vere med på å utvikle framtidsretta, berekraftige og fagleg sterke tenester til innbyggjarane våre.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores