About this role
Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast 100 % sjukepleiarstilling frå 01.12.26.Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. Vi er opptatt av å hjelpe kvarandre og skape eit trygt og godt arbeidsmiljø. Du må derfor vere fleksibel og løysingsorientert i møte med endringar og utfordringar som er ein del av arbeidskvardagen. I bufellesskapet på Bakk-Ola-marka møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. I dag gir vi teneste til 33 brukarar, men talet kan variere etter kven som får tilbod om bustad på Bakk-Ola-marka. Vi har fokus på å styrke brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga vakt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.Vi er ei framtidsretta teneste som kontinuerleg utviklar og tilpassar oss for å møte morgondagens behov. Gjennom årsplanlegging og god oppgåvedeling sikrar vi rett kompetanse til rett tid gjennom heile døgnet og året. Vi jobbar helgetimar etter tenestebehov. Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida.Søkjar som er i eit utdanningsforløp kan også verte vurderte.