Now hiring

Saksbehandlar/Reiseplanleggar @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal?Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledige stillingar. Ei 100% fast stilling, samt eit 100% vikariat, som saksbehandlar/reiseplanleggar.Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg.Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar. Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling.Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores