Now hiring

Vi søker lege med spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar (gynekolog) @ Statens helsetilsyn

OSLOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Som gynekolog hos oss får du bruke fagkompetansen din der han trengs mest. Du vil bidra i tilsynssaker og vere med på å utvikle tilsyn som styrker tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.I Statens helsetilsyn jobbar vi for at befolkninga skal få trygge og gode tenester når dei treng det. Vi fører tilsyn, gir råd og behandlar klager for å avdekke svikt, fremme læring og styrke tilliten til tenestene. Vi utviklar tilsynet i takt med samfunnet og utforskar korleis digitalisering og betre bruk av data kan gi meir treffsikre tilsyn. Derfor er vi også interessert i deg som har erfaring med å samanstille og analysere data.Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, stort fagleg ansvar og eit tverrfagleg miljø med kollegaer frå helsefag, jus og samfunnsvitskap. Du jobbar på tvers av organisasjonen og blir godt kjent med samfunnsoppdraget vårt. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for operativt tilsyn. Derfor vil du trivast hos oss:Du får jobbe sjølvstendig og saman med engasjerte kollegaer med kompetanse på tilsyn, juss, helsefag, teknologi og kompetanse på pasienttryggleik. Du får jobbe med oppfølging og formidling av kunnskap om sentrale risiko- og forbetringsområder. Du får være med å utvikle framtidas tilsynsmyndigheit.Vi gleder oss til å få deg med på laget.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores