Now hiring

Vi søker erfaren økonom/controller @ Statens helsetilsyn

OSLOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein allsidig person med erfaring frå økonomi- og prosjektarbeid? Likar du å ligge i forkant av prosessar og sjå moglegheiter der andre ser avgrensingar? Da vil vi høyre frå deg!Vi er på jakt etter ein strukturert økonom/controller som trivast i ein organisasjon i utvikling. Hos oss vil du arbeide med både controlleroppgåver og andre økonomioppgåver, samt bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon. Du vil vere ein viktig sparringspartnar og rådgivar for leiarar og kollegaer, og du vil jobbe tett saman med andre tilsette i arbeidet med budsjett, kontraktar, rapportering og økonomioppfølging.Vi ser etter deg som er analytisk og kvalitetsbevisst. Du liker å bidra, trivast med varierte oppgåver og bruker digitale verktøy for å skape gode og effektive arbeidsprosessar.Derfor vil du trivast hos ossDu får bidra til utvikling og forbetring i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.Du får ei sentral rolle i økonomistyring, oppfølging og utvikling av god styringsinformasjon i Helsetilsynet.Du får varierte oppgåver innan blant anna budsjett, rapportering, kontraktar og økonomioppfølging.Du vil arbeide i eit lite og kompetent økonomiteam som samarbeider tett med alle avdelingar. Statens helsetilsyn bruker økonomitenester frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Stillingen er plassert i avdeling for verksemdstyring som har ei viktig rolle i utviklingsarbeidet i Helsetilsynet. Avdelinga har mellom anna ansvar for verksemdstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og avtaleforvalting for tenester frå Norsk helsenett.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores