Now hiring

Vi søker dekkssjef/overstyrmann @ FJORD1 AS

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn. Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder. Skiftordning : 2 veker på, 1 veke av / 2 veker på, 3 veker av. Du går ein kombinasjon av dagvakter, nattevakter og døgnvakter - dette er ein turnus med mykje fri, ein stad mellom 2:3 / 2:4 i snitt, dersom du ser arbeidstimer opp mot mengde fri. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. I tillegg til å vere ein bidragsyter mot sikkert og effektiv drift, vil du vere leiar av dekksavdelinga om bord. Søkjar må bu lokalt. Aktuelle kandidatar vert kontakta og tilsett fortløpande. Arbeidsoppgåver Sikkerheitsstyring Energileiing Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit Ansvarleg for personleg tryggleik Ansvarleg for miljømessig tryggleik Du er leiar for dekksavdelinga om bord Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat ROC/GMDSS-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi søkjer ein ansvarsbevisst dekkssjef/overstyrmann med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar Skiftordning: 2 veker på og 1 veke av/2 veker på og 3 veker av. KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, 90210232, [email protected] ArbeidsstadFauskevegen 117 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5142828467 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.09.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores