Now hiring

Seksjonsleiar kontor @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du leie og utvikle ei sentral merkantil eining i eit av landets største kreftmiljø? Kreftklinikken har regionalt ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Vestland og Rogaland. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle framtidas kreftbehandling og pasientforløp, og dei merkantile tenestene er ein viktig del av dette arbeidet. No søkjer vi ein seksjonsleiar for kontorseksjonen. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for 21 medarbeidarar og ein seksjon som har ei nøkkelrolle i pasientforløpa våre. Dei merkantile medarbeidarane møter pasientar og pårørande, koordinerer undersøkingar og behandling, følgjer opp ventelister og bidrar til at klinikken fungerer effektivt og forsvarleg. Vi ser etter deg som kombinerer forståing for sjukehusdrift og pasientadministrative arbeidsprosessar med evne til å skape engasjement, utvikle medarbeidarar og gjennomføre endringar i samarbeid med andre. Seksjonen står framfor spennande utviklingsarbeid knytta til arbeidsmiljø, oppgåvedeling, digitalisering og kontinuerleg forbetring, og du vil få ei sentral rolle i dette arbeidet. Arbeidsoppgåver Leie, utvikle og følgje opp kontorseksjonen med ansvar for fag, økonomi og personal Bidra til eit godt arbeidsmiljø, høg medarbeidarinvolvering og eit nærværsskapande arbeidsliv Drive utviklings- og endringsarbeid i samarbeid med medarbeidarar, leiarar og fagmiljø Vidareutvikle arbeidsprosessar og organisering for å møte framtidige behov Følgje opp aktivitet, kvalitet, ventelister og fristbrot ved hjelp av styringsdata og rapportering Analysere og nytte relevante data som grunnlag for styring og utvikling av seksjonen Bidra til god koordinering mellom kontorseksjonen og kliniske fagmiljø Vere fagleg ressurs og støttespelar innan pasientadministrative arbeidsprosessar Delta aktivt i klinikken si leiargruppe Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning eller annan relevant bakgrunn innan helseadministrasjon eller merkantil drift Leiarerfaring med personalansvar er ein fordel Erfaring frå spesialisthelsetenesta eller annan kompleks kunnskapsorganisasjon God forståing for pasientadministrative arbeidsprosessar og merkantil drift i sjukehus er ønskjeleg Erfaring med styringsdata, rapportering, kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring er ein fordel Relevant leiarutdanning er ønskjeleg. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye verktøy og arbeidsmetodar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar Vi ser etter ein leiar som: Skapar tillit, retning og engasjement Er trygg i leiarrolla og evnar å stå i krevjande situasjonar Får medarbeidarar med seg i utvikling og endring Byggjer gode relasjonar og samarbeider godt på tvers av fagområde Har gjennomføringsevne og evnar å omsetje mål til praksis Arbeider strukturert, analytisk og løysingsorientert Bidrar til ein open, inkluderande og utviklingsorientert kultur Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyr Ei sentral leiarstilling i ein klinikk med høge ambisjonar Moglegheit til å påverke utviklinga av viktige pasientadministrative tenester Eit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar Leiarfellesskap i ein klinikk i utvikling Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordninger Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonOddbjørn Straume, Direktør, 47304887 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5175491579 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores