Now hiring

Musikkterapeut @ HELSE FØRDE HF NORDFJORD PSYKIATRISENTER

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % fast stilling for musikkterapeut. Nordfjord psykiatrisenter består av seksjonane rus, døgn og dag, og tilbyr poliklinisk behandling til menneske med utfordringar relatert til psykisk uhelse og rus. Musikkterapeuten vert organisatorisk plassert i Seksjon dag, men vil bidra med behandlingstilbod på tvers av alle seksjonane. Vi legg vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Musikkterapi er ein viktig del av det samla behandlingstilbodet vårt. Arbeidsoppgåver Musikkterapi tilpassa den einskilde pasient, men også til grupper Vere ansvarleg behandlar Ivareta brukermedverknad Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta Samhandling med pårørende Kvalifikasjonar Mastergrad i musikkterapiog Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Språkkompetansen må dokumenterast dersom søkjaren ikkje har skandinavisk språk som morsmål. Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar Evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande og kollegaer Gode samarbeidsevner Fleksibel og løysingsfokusert Evne til å prioriter arbeidsoppgåver i en travel kvardag Motivert til å utvikle deg saman med ossfor fagleg utvikling Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Løn etter gjeldande avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Varierte og spennande arbeidsoppgåver Gode moglegheiter for fagleg utvikling Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer Triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBørre Taklo, Seksjonsleiar, 907 36 303 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5172027414 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores