About this role
Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord? Er du ein som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar? Ønskjer du å bidra til at pasientar blir møtt med respekt, likeverd og omsorg? Då kan dette vere ei stilling for deg. Ved Nordfjord psykiatrisenter jobbar vi kvar dag for å betre folkehelsa – med hjartet i det vi gjer. Seksjon døgn er ein viktig del av dette arbeidet, med 12 sengeplassar og eit engasjert team på om lag 30 tilsette. Hjå oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement – frå psykologar og overlegar til miljøterapeutar, miljøarbeidarar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog. Seksjon døgn har ledig eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2027. Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar. Stillinga innber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg eller mulighet for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter. Hjå oss får du: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke og utvikle behandlingstilbodet Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid Ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell Oppstart etter nærare avtale. Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her . Vi tilbyr Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga Arbeidsoppgåver Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer Personlege eigenskapar Du møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Interesse for fagfeltet Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSynnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 971 89 629 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5146015834 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.05.2027 Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.