Now hiring

Miljøarbeidar - vikariat ved Voss vidaregåande skule @ Vestland fylkeskommune

SkulestadmoOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv. Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.Vi søkjer engasjerte og tydelege miljøarbeidarar til inntil to vikariat, for tilsetjing snarast. Vikariata går fram til jul, og dei kan bli forlenga. Vil du bidra til at elevar med behov for tilrettelagt oppfølging skal lykkast i skulekvardagen? Då kan dette vere stillinga for deg! Stillinga er for tida knytt til avdeling for tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores