About this role
Poliklinikken (BUP) i Ålesund har for tida ledig eit vikariat for Psykolog Arbeidet er tilknytta generalistteam, og tiltredelese frå snarast, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar, Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.I tillegg til generalistteam har vi eit akutt/ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne gruppa er ei forventa arbeidsoppgåve.Er du nysgjerrig på fagfeltet vårt og kan tenke deg ei stilling som psykolog der du vert ein del av eit godt fagleg fellesskap? Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!