About this role
Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då kan stilling ved tannklinikken på Haukeland vere noko for deg!Klinikken er ein del av TkVestland, eitt av fem regionale kompetansesentre i Norge. Vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Vi har eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan alle odontologiske disiplinar. Ved klinikken på Haukeland vil du jobbe tett i tverrfaglege team saman med spesialistar og erfarne kollegaer. Pasientane våre er i hovudsak tilviste frå offentlege og private tannklinikkar, og behandlingstilbodet omfattar både utgreiing og avansert behandling. Vi har òg eit sterkt fokus på praksisnær fagutvikling og kunnskapsdeling. TkVestland har moderne fasilitetar i Årstadvegen og ved Haukeland sjukehus. Vi er omlag 45 tilsette.