About this role
Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Om seksjonen: Vegdrift nord har 4 driftskontrakter, DK 4607 Sunnfjord sør, DK 4608 Sogn, DK 4609 Sunnfjord nord og DK 4610 Nordfjord. Vi har og ei vedlikehaldsavdeling med 3 rammekontrakter fordelt på Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei utfører mindre vedlikehaldsprosjekt.
DK 4610 Nordfjord er ei byggherrestyrt driftskontrakt som har 3 vegvaktara fordelt på 3 områder, ytre, midtre og indre. Vi søkjer etter ein vikar i ytre Nordfjord i eitt 15 mnd. vikariat. Arbeidsstad for stillinga er Nordfjordeid, men vi legg opp til at vegvaktar startar jobbdagen frå heimstaden.