Now hiring

Rådgjevar @ Vestland fylkeskommune

VossOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vår rådgjevar for vidaregåande opplæring for vaksne og opplæring i bedrift skal vere i ei prosjektstilling dei neste to åra. Vi har derfor ledig eit 100% vikariat som rådgjevar med kontorplass på Voss i perioden 01.10.2026 – 30.09.2028. Det er ei mellombels stilling, med moglegheit for fast stilling. Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, lærebedrifter, samarbeidsorgan, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar/lærekandidatar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk- psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne (VO). Rettleiingstenesta Vestland indre har to kontor, i Sogndal og på Voss. Rettleiingstenesta Vestland indre (Voss) har ledig 100 % stilling som rådgjevar med hovudansvar for vaksenopplæring og oppfølging av lærlingar. Du vil også kunne få ansvar i oppfølgingstenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores