Now hiring

Rådgjevar privatarkiv @ Vestland fylkeskommune

LeikangerOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har frå dags dato ledig fast 100% stilling som rådgjevar innan privatarkiv.Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon frå fylket, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger. Du vil bli del av ein seksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores