About this role
Lærar i Elektro og datateknologi Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.Vil du vera med å utdanna framtidas medarbeidarar i elektrofaga?Vi søkjer etter lærar i Elektro og datateknologi i 100% fast stilling. Dersom søkjar er interessert i å prøve seg som lærar i eit år, kan det avtalast et vikariat for skuleåret 2026-2027. På elektro har vi Vg1 Elektro og datateknologi, Vg 2 Elektro og ekom, Vg2 Automatisering og Vg3 Automatiseringsfaget.