About this role
Er du vår nye seksjonsleiar ved Akutt 24 SNR, sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)?Akutt 24 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig 100 % fast stilling som seksjonsleiar frå 01.10.2026, eller etter nærare avtale.Akutt 24 er ei korttidseining som primært tek imot akutte pasientar. Målet er at pasientane raskt skal bli diagnostiserte, behandla og utskrivne utan ordinær innlegging i sengepost, med forventa utskriving innan 24 timar. I tillegg til akutte innleggingar handterer eininga utvalde planlagde pasientforløp og polikliniske opphald. Akutt 24 er i dag involvert i dei fleste fagområda ved SNR.Som seksjonsleiar ved Akutt 24 vil du inngå i eit tett og viktig samarbeid med seksjonsoverlege ved akuttmottaket og Akutt 24, samt seksjonsleiar for akuttmottak. Stillinga krev god samhandling på tvers av einingar, og du vil ha ei sentral rolle i å koordinere den daglege drifta i samarbeid med akuttmottaket og sengepostane. Gjennom tett dialog og samarbeid bidreg du til gode pasientforløp, effektiv pasientflyt og høg kvalitet i pasientbehandlinga.Du blir ein del av leiargruppa ved Medisinsk avdeling og får personal- og driftsansvar for sjukepleiarane ved eininga. Legar og anna støttepersonell ved Akutt 24 blir leia av sine respektive seksjonsleiarar.Akutt 24 har 18 sengeplassar, i tillegg til ei seng avsett til subakutt og/eller planlagd hjarteutgreiing og behandling. Det er også knytt eit eige poliklinisk rom til denne aktiviteten.Vi søker etter ein leiar som brenn for fagleg utvikling, er løysingsorientert og som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Vi håper derfor at du har lyst til å leie og utvikle enheten til det beste for tilsette og pasientar.