Now hiring

Vikariat som rettleiar ved Nav Giske @ Giske kommune

ValderøyaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag!Nav Giske har eit ledig vikariat i 100% stilling. Vikariatet er ledig omgående og gjeld til 31.10.2027. Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i bemanning av publikumsmottaket.Nav Giske består av 15 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar, og vi legg stor vekt på brukarmedverknad og samhandling. Gjennom innsatsen vår får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og sikre eiga inntekt. Vi tilbyr tenester til kommunen sine om lag 8 800 innbyggjarar og er ein innovativ og framtidsretta tenesteleverandør. Gjennom brukarmedverknad, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap, få fleire i arbeid og sikre ein velfungerande arbeidsmarknad.I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores