Now hiring

Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO @ Giske kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Giske skule og SFO frå snarast til 31.07.2027.Giske skule er ein 1 – 7 skule med 84 elevar. Rundt 25 av desse går på SFO.Visjonen vår er «Ein god stad å vekse» - Vi samarbeidar, vi undrar oss, vi utviklar oss og vi er rause. Giske skule har fokus på praktisk, variert og aktiv læring, mellom anna gjennom uteskule, leik og fysisk aktivitet. Lesing, skriveglede og bruk av skulebiblioteket er viktige delar av arbeidet med å skape lærelyst og gode læringssituasjonar.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. Menn blir oppfordra til å søkje. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores