Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar @ Haram kommune

BrattvågOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Brattvåg barneskule får ledig ei fast stilling som barne- og ungdomsarbeidAr, med snarleg oppstart. Stillinga kan justerast.Vi søkjer ein motivert og engasjert tilsett som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegie og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har i underkant av 200 elevar frå mange ulike nasjonar.Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores