About this role
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Medisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR. Behovet er per i dag størst i Kristiansund, men det må reknast med arbeid på Hjelset ut frå driftssituasjonen.Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt tverrfagleg samarbeid. Du vil vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester.Stillinga er hovudsakleg knytt til hjartepoliklinikken, men det kan òg vere aktuelt å delta i undersøkingar og prosedyrar ved lungepoliklinikken.Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert sjukepleiar/spesialsjukepleiar som ønskjer å arbeide med varierte og spennande oppgåver. Du må trivast med både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper.