About this role
Er du vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller ergoterapeut? Og kunne tenke deg å arbeide som fagkonsulent med oss? Du må du lese vidare.Ønskjer du å arbeide med habilitering i spesialisthelsetenesta?Spesialisert habilitering Sunnmøre søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar i 50 % stilling.Vi ønskjer oss ein kollega med relevant fagkompetanse, god klinisk vurderingsevne og interesse for tverrfagleg samarbeid. Du bør trivast med komplekse problemstillingar, bidra aktivt i faglege drøftingar og vere oppteken av kunnskapsbasert praksis.Hos oss får du arbeide med utgreiing, oppfølging, rettleiing og kompetanseoverføring i eit spesialisert og tverrfagleg fagmiljø. Arbeidet er variert og omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, i tett samarbeid med pasientar, pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar.Spesialisert habilitering Sunnmøre tilbyr tverrfaglege spesialisthelsetenester til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Vi har ei heilskapleg tilnærming til habiliteringsarbeidet, der medisinske, psykologiske, pedagogiske og sosiale forhold blir sette i samanheng.Seksjonen vår består av eit tverrfagleg team på 15 årsverk med brei kompetanse innan habiliteringsfeltet. Vi har eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus på kvalitet, fagutvikling, tverrfagleg samarbeid og kunnskapsdeling. Arbeidet går føre seg både poliklinisk og ambulant, med kontorstad i Ålesund.