Now hiring

Sjukepleiar - 100 % - Radøy Velferdssenter @ RADØY VELFERDSSENTER

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Vi har ledig 100 % faste stillingar som sjukepleiar med todelt turnus. Du har rom for å påverke arbeidstida di. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. I tillegg er det mogleg med langvaktsturnus i vekene. Langvakter er ei prøveordning som vi starta med for to år sidan, og som vi ser fram til å få fleire erfaringar med. Radøy Velferdssenter Velferdssenteret er ein av fem sjukeheimar i Alver Kommune og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk. Omsorgsbustad pluss på Manger er òg organisert under sjukeheimstenesta. Her er det 21 leiligheter og tre blir brukt til avlastning. I omsorgsbustad pluss bur brukar i eigen heim og mottar tenester ut frå hjelpebehovet. Sjukepleiar på Velferdssenteret har ansvar for desse bebuarane også. Hos oss jobbar det mange ulike yrkesgruppar, til dømes lege, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Som sjukepleiar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust. Velferdssenteret har deltatt i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi jobbar med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning. Vi søker deg som er klar for å ta fatt på utfordringar med eit smil og eit ope sinn. Arbeidsoppgåver Gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar og pårørande Delta i daglege oppgåver i avdelinga og være ein god rollemodell for kollegaer og studentar Ha det sjukepleiarfaglege ansvaret for sjukeheimen på kveld og helg Ha legevisitt og påfølgande oppfølgingsarbeid Dokumentasjon jfr helsepersonelloven Medikamenthandtering og lindrande behandling Bidra til godt og tverrfagleg samarbeid Kompetansekrav Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test. Fordel med erfaring frå eldreomsorg Kven er du? På Velferdssenteret ønskjer vi oss sjukepleiarar som er handlekraftig og fleksibel, som finn gode løysingar sjølv i pressa situasjonar. Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver. Som sjukepleiar bidreg du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du er ein lagspelar som trivs i tverrfaglege team og er klar for kunnskaps- og erfaringsdeling med kollegaer. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheter. Du er open for ulikskap og evner å byggje relasjonar basert på respekt og tillit. Vi tilbyr Fagleg spennande arbeid Fokus på medverknad og utvikling Moglegheit for å jobbe bredt fagleg Årsturnus Sjukepleiarar i Alver kommune ligg over minstelønnsgarantien til KS Gode pensjonordninger fra KLP Gratis parkering ved arbeidstad Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av fem sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. Omsorgsbustad pluss på Manger og Ostereidet er òg organisert under sjukeheimstenesta. Der er det henholdvis 21 og 28 leiligheter. I omsorgsbustad pluss bur brukar i eigen heim og mottar tenester ut frå hjelpebehovet. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores