Now hiring

Bioingeniør II @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF LABORATORIER/RADIOLOGI - HJELSET

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du på jakt etter ein spennande jobb i ei avdeling med fokus på fagleg utvikling og som har flytta inn i heilt nye lokale? Avdeling for medisinsk mikrobiologi - Mikrobiologi SNR søkjer bioingeniør II ved fagområde IN3 i 100 % fast stilling frå 1.oktober 2026. Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig anna stilling ved seksjonen. Avdelinga har eit vidt analyserepertoar fordelt på fagområder innan infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Med tanke på at vi er ei middels stor avdeling, leverer vi analyser og tenester utover standard repertoar, og vi er kjent for god service og høg fagleg kompetanse. Avdelinga yt service til alle fire sjukehusa og til primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Avdelinga har stort fokus på kvalitet, utvikling og forbetring. Vi er samansett av fleire profesjonar og har tilsette i ulike aldrar, dette gjer at vi kan skryte av eit godt arbeidsmiljø med plass til alle, og der alle føler seg inkludert. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Arbeidsoppgåver Bistå, og vere stedfortredar for, fagbioingeniør ved fagområde IN3 Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver Delta i laboratoriet sin vaktturnus Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet Bidra til å oppfylle avdelinga sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert Kvalifikasjonar Bioingeniør med norsk autorisasjon Om du har praktisk erfaring innan mikrobiologi ser vi på det som ein fordel Personlege eigenskapar Strukturert - du arbeider nøyaktig, systematisk og effektivt Sjølvstendig - du trivast med å ta ansvar, men er ikkje redd for å spørje om hjelp Fleksibel og endringsvilleg - du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø Du samarbeider godt med andre Du trivast med varierende oppgaver i ein hektisk kvardag Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Eit særdeles kompetent fagmiljø som vil at du skal lykkast Eit uformelt arbeidsmiljø med mykje humor og trivsel Krevjande, interessante og varierte arbeidsoppgåver, i eit føretak og ei avdeling i omstilling og utvikling Ein svært meiningsfull arbeidskvardag med et viktig samfunnsoppdrag Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonCecilie Eikrem Myklebust, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5159697970 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores