About this role
Radiologisk avdeling SNR har ledig stilling for overlege/spesialist i radiologi 100%, oppstart etter avtale! Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for overlegar. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi flytta i fjor inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag. Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og avdelinga har fylket sin første 3 Tesla MR. Arbeidsoppgåver SNR Hjelset er eit akuttsykehus med ei rekke funksjonar, og som radiolog her bør du ha interesse for å jobbe med fleire område innan radiologi. Det vil likevel vere mogleg å konsentrere seg om eitt eller fleire spesifikke område. Stillinga inneber vakt for sjukehuset, som dekkjer ei befolkning på i overkant av 100.000 menneske. Arbeidsområda vil vere røntgen, CT, MR, ultralyd, og vi gjer også ei rekke intervensjonar. Som overlege vil du også kunne få oppgåver som rettleiar og supervisør for LIS. Vi har intern undervisning som legane deltek i. Kvalifikasjonar Spesialist i radiologi Det er ein fordel med kjennskap til avdelinga/området God kunnskap i norsk språk, både muntleg og skriftleg Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner Gode kliniske ferdigheiter Interesse for fagfeltet, utvikling og også for nytenking og innovasjon. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonVibeke Aandahl, Avdelingssjef, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5170746035 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal