Now hiring

Avdelingsleiar - 100% fast stilling @ SØRESTRANDA SKULE

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Sørestyranda skule/SFO. Tiltreding etter avtale. Sørestranda skule har for tida om lag 80 elevar, og 38 born nyttar SFO. Vi søkjer ein trygg, strukturert og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, trygt og godt skule- og SFO-miljø. Dette er ei variert avdelingsleiarstilling med ansvar for å skape god samanheng mellom skuledagen og SFO. Du arbeider tett på elevane i skuletida og har ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO. Stillinga kombinerer pedagogisk arbeid, koordinering av medarbeidarar og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene er for tida fordelte med om lag 60 % arbeid i skulen og 40 % arbeid knytt til SFO. Du er avdelingsleiar i heile stillinga. Stillinga følgjer ordinær arbeidstid, og du må vere tilstades både i skuletida og SFO-tida. Du samarbeider tett med rektor, som er din næraste leiar. Rektor har personalansvaret for dei tilsette. Arbeidsoppgåver Pedagogisk og miljøretta arbeid tett på elevar og elevgrupper Samarbeide med lærarar om individuelt tilrettelagd opplæring og tilpassingar innanfor det ordinære opplæringstilbodet Arbeide proaktivt og førebyggjande for eit trygt og godt skulemiljø Ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO Planleggje aktivitetar og bidra til eit godt pedagogisk tilbod i tråd med rammeplanen for SFO Administrative oppgåver knytte til den daglege drifta av skulen og SFO Tett samarbeid med rektor, lærarar og andre tilsette Kvalifikasjonar Det er krav om: Relevant pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå Relevant erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO Gode digitale ferdigheiter og god systemforståing God evne til å planleggje, organisere og følgje opp arbeidsoppgåver Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk Det må leggast fram gyldig politiattest før tiltreding Leiarerfaring og kjennskap til relevante administrative system er ein fordel. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er trygg og tydeleg og har svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer arbeider strukturert, sjølvstendig og systematisk tek initiativ, ser løysingar og har god gjennomføringsevne trivst med ansvar, høgt arbeidstempo og varierte arbeidsoppgåver bidreg positivt til arbeidsmiljøet og samarbeider godt og tett med rektor og resten av personalet Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjinga. Vi tilbyr Ei spennande og variert avdelingsleiarstilling der du kombinerer pedagogisk arbeid, administrasjon og leiing Høve til å påverke og vidareutvikle samspelet mellom skule og SFO Tett samarbeid med rektor og dei andre tilsette ved skulen Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale Vi ønskjer eit større mangfald i personalgruppa. Menn er underrepresenterte ved skulen og blir oppmoda om å søkje. Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjarar legg ved relevante vitnemål og attestar. KontaktinformasjonKnut Orre, Rektor / Einingsleiar, 99522440, [email protected] ArbeidsstadIkornnesvegen 15 6222 Ikornnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5164708604 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores