Now hiring

Vil du gjere en forskjell? Bli helsefagarbeidar hos oss! @ FUSA BU- OG BEHANDLINGSSENTER

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du klar for ein jobb der du betyr noko – kvar dag? Hos Fusa bu- og behandlingssenter får du faglege utfordringar, eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø og moglegheita til å gi omsorg med hjartet. Vi søkjer to engasjerte helsefagarbeidarar f.t ved Buavdelinga, og håper du vil søkje! Om arbeidsplassen Fusa bu- og behandlingssenter er ein heildøgns institusjon med eige produksjonskjøkken og vaskeri. Vi ligg sentralt i Eikelandsosen med flott utsikt over fjorden – ein arbeidsplass der trivsel og fag går hand i hand. Arbeidsoppgåver Pleie og omsorg til pasientar i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav Dokumentasjon i fagsystem og oppfølging av tiltak Kartlegging, igangsetting og gjennomføring av faglege tiltak Legemiddelhandsaming, ernæring og miljøarbeid Bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid i tråd med kommunen sine verdiar Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning/erfaring Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar Interesse for eldreomsorg Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til observasjon, dokumentasjon og fagleg refleksjon Ansvarsbevisst, løysingsorientert og stolt av ditt fag Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Turnus med dag- og aftenvakter, samt arbeid kvar 3. helg, eller med langvakt kvar 4. helg Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores