About this role
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%). Arbeidsstad Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS: Miljøavdeling for personar med demens Buavdeling somatisk Korttids- og rehabiliteringsavdeling Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar. Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer. Arbeidsoppgåver Pleie og omsorgsoppgåver Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid Kvalifikasjonar Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Søkjarar over 18 år vil bli prioritert, men alle vil bli vurdert Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Spennande og engasjert fagmiljø God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. S tudentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast. Vi ser fram mot å høyre frå deg! Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?