About this role
Vil du bli vår nye kollega? Ledig 90% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar Ledig frå snarast og ut februar 2027 med moglegheit for forlenging. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg. Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre. Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter! Arbeidsoppgåver Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll Rettleiing og opplæring av kollegaer Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan Kvalifikasjonar Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukeleiar Du må ha relevant arbeidserfaring Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9. Førarkort klasse B God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar God relasjonsevne Ha ei genuin interesse for fagfeltet Kunna jobba sjølvstendig Trivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeid Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre Me tilbyr Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling Tid til fagleg refleksjon og rettleiing Leiarar som ser heilskap Tverrfagleg samarbeid Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonThale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +47 941 71 804 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5168585990 Stillingsprosent: 90% Vikar Søknadsfrist: 13.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir