About this role
Vil du jobba med praktisk bistand og reinhald? Ledig 60 % stilling i vikariat frå august 2026 - mars 2027. Stillinga inneber arbeid på dagtid, ikkje pleieoppgåver. Ei av tenestene til Kvam heimeteneste er praktisk bistand til heimebuande, frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Me ynskjer å ha eigne medarbeidarar til å utføra praktiske oppgåver som reinhald i heimane og bistand i omsorgsbustadar med brukarretta reinhaldsoppgåver. Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. Vil du vite meir om oss les: Kvam heimeteneste Arbeidsoppgåver Reinhald av private heimar etter vedtak, som støvsuging, golvvask, sengeskift, støvtørking og klevask. Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har interesse og lyst til å arbeide med denne type arbeidsoppgåver Har du erfaring med liknande arbeid er det ei førmon Sertifikat klasse B Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Me legg vekt på desse eigenskapane: Positiv og imøtekomande Kan jobba sjølvstendig Ha god samarbeidsevne Fleksibel Vi tilbyr Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5164688102 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 24.08.2026 Sluttdato: 14.03.2027 Søknadsfrist: 01.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir