Now hiring

Sjukepleiar, nattstilling ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter -vikariat @ Employer

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig eit vikariat på natt i om lag 47 % stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå snarast og t.o.m.31.08.2027. Stillinga er knytt til avdelingane ved Giske omsorgssenter og inngår for tida i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Det er mogleg å auke stillinga. I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner. Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg. Bidra til eit godt omdømme. Kvalifikasjonar Offentleg godkjenning som sjukepleiar. God digital kompetanse. Sertifikat for bil. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Fleksibel, løysingsorientert og innovativ. Gode samarbeidsevner. Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper. Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar og langtidspasientar. Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam. Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. KontaktinformasjonJanita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535 Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318 Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316 ArbeidsstadValderøya 6050 VALDERØYA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5172503522 Stillingsprosent: 46,95% Vikar Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 14.09.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores