Now hiring

Miljørettleiar/miljøarbeidar/assistent @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Hafslo barne- og ungdomsskule søker tilkallingsvikarar på SFO. Tilsetjing fortløpande. Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet, er ein 1-10 skule med rundt 220 elevar. I SFO er det 70 born, 15 tilsette og ein SFO-koordinator. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen og SFO har lett tilgjenge til. Me meinar at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Difor ynskjer me nye tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. Alle nytilsette og nyutdanna vert godt ivareteken og får oppfølging av mentor. «Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø» Me kan tilby: Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver Godt arbeidsmiljø Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar Andre opplysningar: Tilsette må levere politiattest Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort Søknadar må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Hafslo barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet. Skulen er ein 1-10 skule, og har jamt over elevtal på 210 og ca 40 tilsette i skule og SFO. I SFO er det ca 60 born. Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er praksiskule og Lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet. Skulen sin visjon er "Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø" Skulen jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. Hafslo barne- og ungdomsskule er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjengeleg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores