About this role
Stillingstype Vi søkjer etter deg som er helsefagarbeider og ønskjer ei fast 100 % stilling. Det er arbeid i langvakter på 12,5t, med arbeid 4. kvar helg. Aktivisering og meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i den enkeltes heim og er individuelt tilrettelagt. Arbeidsoppgåver - ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen - utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse - ivareta krav i høve dokumentasjon - legemiddelhåndtering Kvalifikasjonar Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar: - det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming - beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen - det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid - relevant praksis - beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 - ha gode kommunikasjonsevne Personlege eigenskapar - du må være fagleg engasjert - ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team - det vert vektlagt at ein er personleg eigna - høve til å stå i omstilling -ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - løn etter gjeldande avtaleverk - kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid - pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale - løn i høve gjeldande avtaleverk Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Referanser Oppgi referanser. Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentliggjort. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bu- og habiliteringstenestene er ei eining med 290 tilsette som yter tenester til om lag 75 tenestemottakarar i ulik alder og funksjonsnivå. Tenestene er i dag inndelt i 12 bueiningar og dei fleste bustadane er lokalisert i Vestnes sentrum, nær bussknutepunkt. Vi har også dagsenter og aktiveringstilbod lokalisert i Myra området som også ligg i nærleiken av sentrum.Vi kan tilby eit breitt fagmiljø beståande av ulike profesjonar som opptekne av å ivareta rettsikkerheita til tenestemottakarane og yte gode tenester ut frå behov. Bustadene ligg i naturskjønne omgivelser like ved sjøen med lett tilgang til turstiar og gapahuk. Kommunen har mange flotte fjell med merka turar.