About this role
Vi søker 100% seksjonsleiar leger ved SNR radiologi, der stillinga fordelast som seksjonsleiar og som overlege i klinisk arbeid radiologi. Oppstart etter avtale med leiar.Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi flytta i fjor inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag.Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og avdelinga har fylket sin første 3 Tesla MR.