About this role
Er du psykiater eller snart ferdig med spesialiseringa og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig fast stillingar for overlege i psykiatri ved Ambulante tenester akutt psykisk helse Ålesund.Oppstart frå snarast eller etter avtale.Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre er ei av seks avdelingar i Klinikk for psykisk helse og rus. Avdelinga tilbyr desentraliserte tilgjengelege og samanhengande spesialisthelsetenester. I samarbeid med kommunane på Sunnmøre, som er opptaksområdet for vår avdeling, vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til å meistre eige liv. Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og stor grad av brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom seksjonane, med høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for medarbeidarane. Ambulante tenester akutt psyksik helse Ålesund tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling i pasienten sitt heimemiljø. AHT er ein del av spesialisthelsetenesta sitt akuttpsykiatriske tilbod for vaksne. Teamet er lokalisert på Ålesund sjukehus. AHT er tverrprofesjonelt sett saman av spesialistar i psykiatri, psykologi, sjukepleiarar og sosionomar med vidareutdanning og ein merkantil ressurs. AHT er eit frivillig behandlingstilbod der heimebehandling kan vere eit alternativ til akuttinnleggelse i psykiatrisk døgnavdeling. Brukarperspektivet står sterkt når ein får behandle pasientar i heimemiljøet. Ettersom psykiske kriser kan oppstå som følge av ein kombinasjon av medisinske, sosiale og miljømessige faktorar, får ein god oversikt over dette når ein behandlar pasienten i heimen. Psykiater vil også ha faglig ansvar for pasientar på TUD og dom. Vi gir tilbod til pasientar med til dømes psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og personlegdomsproblematikk. Pasientane vert søkt inn frå fastlegar, legevakt, kommunale tenester eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten.