About this role
Vi søker ein engasjert og dyktig maskinsjef til vår stillegåande, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander. Vi vurderer kandidatar fortløpande.