About this role
Vil du bli vår nye kollega? Ledig 90% vikariat for vernepleiar/sjukepleiar i miljøterapeutstilling.Ledig frå snarast og ut februar 2027 med moglegheit for forlenging. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg. Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre. Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!