Now hiring

Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning @ Helse Møre og Romsdal HF

MoldeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb innan rusbehandling i spesialisthelsetenesta? Då kan dette vere stillinga for deg!Poliklinikk TSB Molde søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, eller relevant erfaring frå fagfeltet. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til eit viktig behandlingstilbod og vere med på å utvikle tenestene våre i Kristiansund.Poliklinikk TSB Molde inngår i klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av rusavhengigheit. I poliklinikken arbeider vi med b.l.a. individuell behandling, gruppebehandling og dagbehandling. Tilbodet i poliklinikken gjeld også Legemiddelassistert Rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet vårt på Nordmøre har vi etablert eit team i Kristiansund som ivaretek LAR-behandling. Teamet ligg under poliklinikken i Molde med arbeidsplass i Kristiansund.Som vernepleiar/sjukepleiar vil du få sjølvstendig behandlingsansvar og ansvar for medikamenthandtering i teamet i Kristiansund. Arbeidstid er p.t. dagtid 08.00 - 16.00 Bur du midt i mellom Molde og Kristiansund er det moglegheit for å jobbe begge stadar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores