About this role
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommune, kor Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte. Vi har tre legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene til Bykle og valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi opptil 25.000 i høgsesongen. Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor.