About this role
Brenn du for kultur, samspel og eit skikkeleg godt arbeidsmiljø? No har vi ei unik 100 % kulturstilling ledig!Bykle kulturskule er ein liten, men svært aktiv og pulserande kulturskule. Hos oss er vi ikkje berre ein skule; vi er eit viktig musikk- og kompetansesenter for heile bygda. No ser vi etter ny musikk- og kulturskulelærarar som vil vere med på laget vårt.Hos oss får kvar enkelt medarbeidar det spelerommet som skal til for å skape magi, både i og utanfor kulturskulen. Vi har eit arbeidsmiljø med stor takhøgd, der det er rom for å forme eigen arbeidskvardag og ta aktivt del i å utvikle kulturlivet i kommunenEit bankande hjarte for samspel:Vi har fire lærarstillingar der alle jobbar sjølvstendig med sin spisskompetanse, men det er når vi speler saman at det verkeleg svingar! Samspel og tverrfagleg samarbeid er ei heilt essensiell brikke i undervisninga og i tilbodet vårt. Under eininga Kultur og fritid ligg Bykle kulturskule, bibliotek, Ung Kultur, frivilligsentral og kulturhus. Vi ser etter deg som vil vere ein engasjert pådrivar i laget, slik at elevane våre får oppleve gleda av å skape noko stort i fellesskap.