Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO @ Haram kommune

VATNEOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig to faste stillingar på 60% og 40% med oppstart snarast råd. Stillingane følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores