About this role
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Studentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB For å vise fram dei spennande studieprogramma, studentlivet og det gode studiemiljøet på NT-fakultetet ved UiB, ser fakultetet etter studentambassadørar til å jobbe med innhaldsproduksjon til sosiale medier, foto/video, arrangement og kommunikasjon til målgruppa. Vi søker etter mellom 6 til 9 studentambassadørar som kan støtte opp om arbeidet med å synleggjere studietilbodet og studentkvardagen for potensielle søkarar til realfaga ved UiB. Du treng ikkje å ha studert lenge ved UiB for å søke, og vi oppfordrar 1.årsstudenter spesielt til å søke. Stillingane som studentambassadørar er midlertidig deltidsstillingar i 15 % (ca. 6 timer per veke) med eit års varigheit og oppstart i oktober 2026. Arbeidsmengda vil variere gjennom året, og det vil vere mogleg, og forventa at du arbeidar ekstra i samband med arrangement, viktige hendingar, fristar eller anna. Arbeidsoppgåver Planlegge og produsere innhald til sosiale medium, som Instagram, Tiktok og Snapchat Ta foto og video til bruk i sosiale medium og/eller nettsider Representere NT-fakultetet og UiB i ulike settingar slik som skulebesøk, arrangement og andre kommunikasjonsoppgåver Andre arbeidsoppgåver slik som møtevirksomhet, videoinnspelingar, workshops og innhaldsarbeid For å vere aktuell for stillinga, må du oppfylle følgande krav Du har kjennskap til studieprogramma vi tilbyr på NT-fakultetet ved UiB Du har god formidlingsevne, trivst med kreativt arbeid og har ein del erfaring med sosiale medium Du liker å skrive, ta bilete, film og klippe innhald til sosiale medium Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planlegge Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og tør å tenke nytt og annleis Du må ha studierett og være student ved NT-fakultetet, UiB Du snakkar flytande norsk og har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk Det er ein føremon for arbeidet, men ikkje eit krav, at du er engasjert i studentrelaterte aktivitetar, til dømes medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske organisasjonar og utval, mentorordninga eller har vore tilsett som kollokvieleiar/studentmedarbeidar. Det er og ein føremon om du følger med på trendar innan sosiale medium, og vet korleis du kan nytte denne innsikta. Ved vurdering av søkarane vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Det er ein føresetnad for tilsetjing at stillingsinnehavar er ein aktiv student innanfor relevant fagområde ved det aktuelle instituttet. Vi tilbyr Løn som studentambassadør (fagkonsulent i stillingskode 0389) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 430 200 brutto ved 100 % stilling. Gode velferdsordningar Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Ina Hilton, tlf.: 95 85 36 86, epost: [email protected] . For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på [email protected] eller 55 58 47 70. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her . Om arbeidsgiveren: Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av syv institutt og en rekke sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.