About this role
Vil du jobba med praktisk bistand og reinhald?Ledig 60 % stilling i vikariat frå august 2026 - mars 2027. Stillinga inneber arbeid på dagtid, ikkje pleieoppgåver.Ei av tenestene til Kvam heimeteneste er praktisk bistand til heimebuande, frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Me ynskjer å ha eigne medarbeidarar til å utføra praktiske oppgåver som reinhald i heimane og bistand i omsorgsbustadar med brukarretta reinhaldsoppgåver. Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. Vil du vite meir om oss les: Kvam heimeteneste