About this role
Skulen har ledig inntil 80 % vikariat som miljøarbeidar frå 14.09.2026. Stillinga er primært knytt til elevar på restaurant og matfag. Det kan også vere oppgåver knytt til andre programområde. Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek. Vi har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.Skulen er geografisk tredelt, med skuledrift på Mo, i Høyanger og i Førde sentrum. Denne stillinga er primært knytt til Førde og Mo. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.