Now hiring

Assistent/barne- og ungdomsarbeidar @ Haram kommune

BrattvågOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På grunn av permisjonar har Brattvåg barneskule ledig vikarstillingar som assistent/fagarbeidar, med snarleg oppstart. Ei av stillingane varer fram til jul, medan den andre er for om lag eitt år med mogelegheit for forlenging. Stillinga kan delast av fleire i mindre stillingsbrøkar.Vi søker motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegium og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar.Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores