Now hiring

Arealplanleggar @ Stad kommune

NordfjordeidOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stad kommune står framfor ei tid med stor aktivitet og spennande samfunnsutvikling. Realiseringa av Stad skipstunnel, verdas første fullskala skipstunnel, vil skape nye moglegheiter for næringsliv, busetjing og utvikling i heile kommunen. Byggjestart er planlagd tidleg i 2027. No søkjer vi ein engasjert og løysingsorientert arealplanleggjar i 100 % stilling som vil vere med og leggje premissane for ei berekraftig og heilskapleg utvikling av kommunen. Hos oss får du arbeide med varierte og samfunnsviktige planoppgåver, frå overordna arealplanlegging til detaljregulering og konkrete utviklingsprosjekt.Stillinga gir deg høve til å påverke korleis Stad skal utvikle seg i møte med nye investeringar, auka aktivitet og endra behov. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom utvikling, vern, klima, næringsliv og innbyggjarane sine behov.Som tilsett i Stad kommune vil du få høve til å delta i utforminga av Stad kommune og ta pulsen på lokalsamfunna i Stad. Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver og krev god planfagleg kompetanse. Arbeidet medfører stort ansvar og er prega av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar. Du får i denne jobben gje råd, behandle saker og utforme planar etter plan- og bygningslova. Eininga plan og forvaltning inngår i kommunalområdet Kultur og samfunn. Eininga har ti tilsette. Tilsette i eininga arbeider mellom anna med plan-, og byggjesaker, oppmåling, ajourhald av kommunen sitt kartverk, landbruk og miljøsaker. Stillinga har kontorstad på Nordfjordeid, men om ynskjeleg er det også mogleg å ha kontorstad på kommunehust i Selje nokre dagar i veka.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores