Now hiring

Miljøarbeidar til tilrettelagt avdeling @ Vestland fylkeskommune

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med fem yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/.Årstad vidaregåande skule har to avdelingar for tilrettelagd opplæring for elevar med særskilde behov (HTH). Opplæringa føregår i små grupper, der elevane får individuelt tilrettelagd undervisning etter individuell opplæringsplan (IOP). Den eine avdelinga ligg på hovudskulen til Årstad vgs. på Danmarksplass, medan den andre ligg på Laksevåg i same skulebygg som Laksevåg og Bergen maritime vgs.Avdelinga vår på Årstad har ledig eit vikariat som miljøarbeidar ut januar 2027, vi er også interessert i miljøarbeidarar som kan vere tilgjengeleg som ringvikarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores