Now hiring

Psykolog @ Helse Møre og Romsdal HF

MoldeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på laget vårt?Ein jobb som behandlar i BUP gir deg kvar einaste dag høve til å gjere ein meiningsfull skilnad. Vi legg til rette for di faglege utvikling og tilbyr kurs, og høve for spesialisering. Vi oppmodar til innovative tilnærmingar for å betre tenestene våre, og arbeider aktivt med nye behandlingsmetodar og oppgåvegliding.I Psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal har vi eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Mellom anna vert det arbeidd med utprøving av ny behandlingsmetodikk for ungdom med personlegdomsproblematikk. Vi har eit breit samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi har også etablert eit nevroteam med eigen adhd-sjukepleiar.Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve. Satsinga Barn og unges helseteneste er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket, der det vert utarbeida samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge.Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjer du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg! Oppstartsdato avtales etter avtale med leiar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores