About this role
Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utføring av lovpålagde oppgåver. Det er totalt om lag 90 tilsette i brann- og redningsvesenet i dei to kommunane.Det er ledig 100% fast stilling som brannmeister frå 01.01.2027Stillinga inneber arbeid i samarbeidskommunane med kontorstad Stranda. Som brannmeister er du ein viktig motivator for å oppretthalde og auke sikkerheita til innbyggarane med tanke på brann og ulukkesvern. Om du i tillegg er interessert i å vere ein del av kommunane sitt aller viktigaste arbeidsområde, då kan det hende du er den rette person for stillinga.Den som vert tilsett må delta i overordna vakt (01-vakt) i brannsamarbeidet.Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.